INTERVJUER/REPORTASJER

God suksess med SpermVital på Kaldal

Tore Kaldahl driv med mjølkekyr på Kaldal i Namdalseid, Namsos kommune. Han har i fleire år nytta seg av Sperm- Vital, og vore fornøgd med resultatet.

Tekst og foto:
Rannveig Farestveit

Veterinær i Gen

rannveig.farestveit@geno.no

Kaldal i Namsos kommune i Trøndelag

  • Tore Kaldahl

  • Areal: 1 050 dekar fulldyrka (225 dekar korn, 825 dekar til slått og beiter)

  • Mjølkekvote: 623 000 liter

  • 65 årskyr

  • Alle oksekalvar vert selde som livdyr etter avvenning

Tore brukar brunstkalenderen aktivt i kvardagen.

Tore Kaldahl GS-testar i dag alt av hodyr, og har visse kriterium som er viktige for han å legga vekt på i drifta si. Ein av dei er utmjølkingshastigheit. For at drifta skal «gli greitt» i fjøset, kan han ikkje ha seinmjølkande kyr. Difor er GS-verdien for nettopp denne eigenskapen ein av dei faktorane han er nøye på i avlsarbeidet sitt. Han har i dag auka graden av REDX på dyra med best GS-verdi, samt at han legg inn noko kjønnsseparert kjøttfesæd eller embryo på dei dyra han ikkje vil ha kvigeavkom etter.

Bruken av SpermVital

Dagens noteringar (27.juni) viser at det vart inseminert ei ku med SV og ei anna med konvensjonell sæd.

Det er likevel ein del dyr han legg inn konvensjonell sæd eller SpermVital på. I somme tilfelle kan dyra ha kome eit stykke ut i laktasjonen, og kanskje vera forsøkt med embryo eller eventuelt kjønnsseparert sæd først. Dersom dei då ikkje har teke seg, vert konvensjonell sæd eller SpermVital alternativet neste gong.

Nøye på at brunst er observert

For å lukkast med SpermVital er Tore nøye på at det skal vera observert brunst. Han legg verken inn SpermVital eller annan type sæd dersom han ikkje er sikker på at dyret er i brunst. Då avventar han heller, og noterer seg det han observerer i brunstkalenderen. Heller ikkje om han er sikker på at han er tidleg ute i brunsten, legg han inn SpermVital. Då bestiller han i staden inseminering neste dag. Det er i situasjonar der Tore er usikker på om det er rett å inseminera på den aktuelle dagen eller dagen etter at han vel å bruka SpermVital. Det kan vera i situasjonar der brunstteikna ikkje harmonerar heilt med tidlegare noteringar. Eksempel på dette er dersom tidlegare noteringar tilseier at dagen i dag skal vera rett insemineringsdag grunna tidlegare syklus på 21 dagar, men brunstteikna gir signal om at det er litt tidleg i brunsten likevel. Det kan også vera omvendt. Når det gjeld kvigene opplever Tore at syklusen ofte kan vera noko kortare enn hjå kyrne. Ved fleire tilfelle har han lukkast med å legga inn SpermVital 19 dagar etter førre bløding dersom dette elles harmonerar med noteringar på dyret og det han ser av brunstsymptom.

Brunstrunde før fôring

Tore går brunstrunde både morgon og kveld før han startar fôringa av dyra.

I dag har Tore ikkje aktivitetsmålar på kvigene, berre på kyrne. Tore synest likevel han fangar brunstane på kvigene godt opp. Han går alltid ein brunstrunde hjå både kviger og kyr som det første han gjer før han startar med fôringa både morgon og kveld. Han noterer seg alt i brunstkalendaren som heng inne på kontoret. Han synest kalenderen er eit godt supplement til aktivitetsmålar på kyrne, fordi den er så oversikteleg. Også avløysaren til Tore noterer observasjonane sine på denne.

Fordel å sjå på dyra medan dei ligg

Ved å gå ut og sjå på dyra medan dei framleis ligg, fortel Tore at han oppdagar mange detaljar når det gjeld slimkvalitet og bløding. Han vil då også sjå om nokre av dyra er aktive og sveitte. Han synest noteringane han gjer seg er «gull verdt», særleg på problemdyr. Dersom han er usikker på brunsten avventar han mykje heller insemineringa enn å inseminera på måfå. Dei observasjonane han eventuelt gjer seg på dyret, opplever han uansett som svært verdifulle å ha med seg til neste brunstrunde. Ved å samanstilla det aktivitetsmålaren viser, åtferda til dyret, sliming og tidlegare noteringar, forsøker Tore å forstå kor nær eggløysinga dyret kan vera og gjer sine val deretter.

Resultat med bruk av SpermVital

Ikkje-omløp 56 dagar i 2024 78,4 prosent. Dette er ca. 5 prosentpoeng betre enn landsgjennomsnittet for konvensjonell sæd.